Kreative Trøndelag
  • Kreative Trøndelag
  • Engelsk side
  • Tysk side
  • Fransk side
Hemne VGS > Skolens fagtilbud > Studiespesialisering > Internasjonalisering ved HVS > Hemne vgs tildelt "European language label "!

Hemne vgs tildelt "European language label "!

Se også lokal presse: www.sovesten.no  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her er utdrag fra SIU sin pressemelding 18.11.08:

Sportsjournalist Dag Erik Pedersen er årets språkambassadør

Dag Erik Pedersen er utnemnd til norsk ambassadør for framandspråk i forbindelse med utdelinga av Den europeiske språkprisen 2008.

Sjølve språkprisen vert delt mellom Hemne videregående skole og Ungt entreprenørskap, som kvar får kr 25 000. Medan Hemne vgs frå Sør-Trøndelag får prisen for sitt samarbeid med ungdommar blant anna i Belgia og Marokko gjennom nettportalen Metwinning, får Ungt entreprenørskap prisen for å ”…stimulere ungdom til aktivt å bruke et fremmedspråk i reelle situasjoner i et kreativt, internasjonalt miljø”, iflg juryen.

Statssekretær Lisbet Rugtvedt (Kunnskapsdepartementet) deler ut prisane på SIUs konferanse om fremmedspråk torsdag 20.november. Både Dag Erik Pedersen og representantar frå Hemne vgs og Ungt entreprenørskap vil vera til stades.
Konferansen vil elles gi innsikt i språklæringslandskapet i Noreg, og korleis deltaking i internasjonale samarbeidsprosjekt er med på å fremja framandspråklæring.

Den europeiske språkprisen (European language label) vert delt ut i alle EU/EØS-land. I Noreg er SIU og Fremmedspråksenteret ansvarlege for utdelinga.


SIU/Einar Hofstad
Sist oppdatert: fredag 21. november 2008
Utskriftsvennlig versjon